fredag 23. oktober 2009

Bitching



Mobbesak i Karasjok- igjen.
Og igjen.

Foreldre som rasar. Ein skule som visstnok ikkje har gjer nok for å stoppe mobbing. Men no kjem det i allefall ein mobbeplan. Barneombud Hjermann sier at dei vaksne tillater mobbinga. Kva som er sikkert og sant veit ein ikkje. Men det ein veit er at dette heilt sikkert ikkje er eit eineståande tilfelle, og at det er barn i Karasjok som ikkje har det bra på skulen.

Det er viktig at vi vaksne er bevisste på mobbing. Kva det er, korleis barn mobbar, og kva for konsekvensar det får. Det er viktig at vi vaksne formidlar dette til barna.

På vår skule skal vi snart ha mobbing som tema, og eg har derfor funne meg eg ei bok om Bitching-om jenter og mobbing. Forskning seier at mobbing mellom jenter ofte er vanskeleg å oppdage. Den foregår ofte i det skjulte.....

*utstøting * intriger * ryktemakeri *manipulering * blikk* baksnakking*

Kjent?

Universitetslektor Tove Flack, ved Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger trur det viktigste for jenter er å ha ein nær venn, og at relasjonar er eit nøkkelord.

- Den djupe kunnskapen jenter har om relasjonar, og det å ha ein nær venn, karakteriserer mykje av jentenes aggresjon. Relasjonar blir for jenter eit våpen, samtidig som det er relasjonane dei kjemper om, seier ho.

Huff, kor grusomme vi kan vere mot kvarandre.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Selvom lektor Flack trur det viktigste for jenter er å ha ein nær venn og at relasjonar er eit nøkkelord, så reagerer jeg på utklippene dine Kirsti.En venn er viktig også for det andre kjønn ikke bare jenter.
Videre skriver/siterer du;
- Den djupe kunnskapen jenter har om relasjonar, og det å ha ein nær venn, karakteriserer mykje av jentenes aggresjon. Relasjonar blir for jenter eit våpen, seier ho.
Om igjen så må jeg understreke at begge kjønn kan vise tendenser til aggresjon i pressede situasjoner.
Det handler ikke om du er gutt eller jente men situasjon, miljø og kultur.

Når det er sagt så må jeg si at Det er bra det er fokus på mobbing, også i Karasjok, for bare med synliggjøring kan vi komme utstøting og baksnakking i negativ forstand osv osv til livs, sier jeg, Lis, som nettopp har begynt på studier som nettopp omhandler relasjoner og kommunikasjon.

kirsti guvsám sa...

At man seier at det er viktig for jenter å ha ein nær ven, utelukker ikkje at det er viktig for gutar og. Å seie at jenter kan visse tendenser til aggresjon i pressede situasjoner betyr ikkje at guttar ikkje gjer det.

Det heile er nok veldig nyansert, og man kan skilje kategorisk etter kjønn, som nok du og også meiner.

Men når no det er sagt, så synst eg det er bra og viktig å ta opp korleis jenter kan mobbe. For det er nok nokon mekanismer ein finn i ein jentegjeng og ikkje i ein guttegjeng...