lørdag 31. oktober 2009

- av kva slags materiale, sa du?

Eg er ikkje lærarmateriale. Det sa no den forrige sjefen min. Kanskje er eg ikkje det, svara eg. Men eg gir lærarrollen eit år. Du er asylmateriale, svara ho. Du har jo både hjarte og hjerne.

Men hjarte og hjerne treng ein jo i dei fleste yrka.

Veien blir til mens ein gjeng, sa ein av mina gamle leiarar. Eg er heilt enig. Her eg sit. Midt i natta, og gjer alt anna enn å slite med masteroppgåva. Mens eg tilfredsstiller gospel-kirsti og bloggar på nynorsk. Det er jo slik at når ein skal rette ein haug med nynorskstilar kvar veke, så er det like greit å skrive nynorsk. Ja for om ikkje så lenge kan eg kanskje rette alle stilane utan å måtte sjå i ordboka. Eg innser jo at eg kanskje skriv den gamle nynorskvarianten. Det er jo tross alt nokre år sidan videregåande og eventyret om Ivar Aasen. Idag er det jo så mykje som er lov å skrive. Det er det mest vanskelege synst eg, å hugse alt elevane kan skrive. Men på sikt får vi kanskje eit felles norsk skriftspråk? Mens vi ventar må nokon av mine venninner slite seg gjennom nynorskbloggen min.

Å bli lærar var altså ikkje ein del av plana. Å jobbe på asylmottak var. Å jobbe med menneske var og er en del av plana. Å bli lege var ein gong ei plan- men eg tok til vett - heldigvis. Den samme gjeld den kortvarige sjukepleierromansen min.

Musikken var ein del av plana. Duodjen og. Ja, også religionen.

Men å bli prestefrue var slettes ikkje ein del av plana. Heller ikkje politiker-kirsti og teologi-kirsti for ein del år tilbake.

Men sånn kan det altså gå.

Det er fint. Eg trivst jo med det.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Æ synes det e veldig fint at du skriv på nynorsk (sjøl om æ e en av de som slit litt)!

Det e liksom nokka eget over det, det e rett og slett litt eksotisk å skrive om samiske ting på nynorsk.

Æ veit bare en anna som gjør det, og han skriv på ennå meir "gammeldags" nynors enn dæ.

Karianne sa...

Når det vert asylmottak i Elnesvågen, kan du jo skifte beite? Eg har arbeidd på på asylmottak før, men det er maaange år sidan no. Anyway, artig er det!

kirsti guvsám sa...

tanken er allerede tenkt ;) ;)