Hausstormane kom med sakn.
Sakn etter dei fine og kjekke menneska eg jobba i lag med på asylmottaket. Så i dag har eg vore innom nokon av dei ein tur. Det var høy tefaktor. Kaker. Mange klemmer. Prat. Prat. Prat. Og meir prat.
Det er sånn det er å vere gjest. Berre gjest. Ikkje ansatt.
Berre ven.
Dei som har flykta, og ikkje har vakse opp med norsk velferd i bukselomma. Dei som ikkje har pengar til å kjøpe ei kul (og litt dyr) bukse når dei treng ny.
Dei er så glade. Dei er så gavmilde.
Te og afgansk kake i prestegården anyone?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Har du slutta på asylmottaket? Ka gjør du no da?
Jepp. No er eg lærar på Bud barne- og ungdomsskule.
nynorsk e vanskelig å lese...
Legg inn en kommentar