torsdag 17. september 2009

Sånn etter valet


Her på Vestlandet har det allereie vore fleire høststormar. Sånn at dei fleste eplane rett og slett berre har blåse vekk. Men det var mest vemodig at plommane - dei mest fantastiske deilege favorittplommane- berre forsvann over natta for eit par veke sida. Det er visst lurt å sjekke værmeldinga.

Så eg var litt trist då. Men det kjem jo nye plommar neste år.

Så vart valkampen endeleg over, og resultatet seier at NSR i Sør- Norge ikkje har mista nokre stemmer sida forrige val, men vi har heller ikkje fått så mange nye heller. Som Arbeiderpartiet fekk. Eg må innrømme at det er litt bittert å miste eit mandat til dem på berre ti (10!) stemmar. Så det er ikkje tull at kvar einaste veljar har makt!

Så eg var litt trist då. Men det kjem jo eit nytt val om fire år.

Eg synst Lisbeth frå NSR er best, men sida ho ikkje kom inn, så er ikkje Heidi frå Ap så aller værst ho heller. Bortsett fra at ho ikkje vil ha Aili Keskitalo som president då.

Dessuten så er det berre å brette opp armane og jobbe. Eg fekk ny tillit frå veljarane og det er eg veldig glad for. Det er mykje å kjempe for dei komande årene, og mykje vi har lova.

Ja, og så må eg lage eplekake av dei eplane som ikkje forsvann, og kanskje litt eplesyltetøy og? Då eg var lita var favorittpålegget mitt brunost med eplesyltetøy på. Mamma sitt eplesyltetøy som ho laga av eplane vi hadde i den store fine hagen vår i Oslo.

Det er som min kjære svigerfar seier; har ein ein dårleg dag så har ein krav på ein ny dag.

Ingen kommentarer: