fredag 22. januar 2010

Sofaliv på nyåret

Æsj.

Eg er visst ikkje heil udøydeleg... Eg som ikkje merka noko til svineinfluensa og ikkja har vore sjuk ein einaste dag heile hausten. Sett bort ifrå nokre "slække" dagar. Men idag måtte eg kapitulere og innsjå at eg har fått eit magevirus. Så etter ein del timar horisontalt på sofa med trykking på strategiske fotsoneplassar, skifta eg til vertikal stilling på sofa, og surfar no på nett. Men eg er sjuk altså.

Venninna mi seier at hennar gutar er "litt mann" når dei er sjuke. Ja, og då meiner ho at dei ikkje er såååå sjuke som dei skal ha det til. Trur eg er litt mann no. Det er jo fint då. Med ein mann som vartar opp....

Det er nesten så ein skulle vore sjuk litt oftare. Dessuten så vert det jo blogging og då.

Jaja, eg har no på nyåret innsett at eg er eit sosialt dyr. Eg er god på tebesøk, og har jo så klart eigen te og tekopp hjå nokre vener. Så skal masteroppgåva verte ferdig må eg desosialiseres. Trur det vert hardt.

Nyårets debatt har eg berre sett konturene av.. og resultatet av. I Ságat som siterer frå ein debatt på facebook. Eg likar å sjå sjølve kjeldane, men er visst ikkje ven med rette person. Eg innser at det er litt dumt å inviterte til venskap berre for å sjå debatten på sida hans.

Nyårets moves står nokre av dei små englebarna(les: elevane) for. Er ein stoooor fan av Michael Jackson, så må ein jo berre lære seg å danse som han, og vise fram for klassen. Englebarna står for øvrig også for nyårets kunstverk. Riktignok dei eldre då. Dessuten innkasserer dei og nyårets sjarmis.

Fin kvardag. Om enn heftig - og begeistret.

Nyårets party: Tupperwareparty. Geniale ting. Ein finn jo ut at en treng så mykje ein ikkje visste ein trengte. Eg er jo då ein genial salatbolle rikare. Men inst inne må eg seie at tupperware ikkje er heilt min greie. Dei kunne hatt litt retro- mønster i det minste. Då hadde det vore meir interessant. Dessuten så har eg tenkt at det kanskje er betre å dra på dildo-party, men det må eg for guds skuld ikkje seie så høgt.

Nyårets shopping er ein brun recliner. Ok- eg innrømmer det,eg er blitt litt satt. Men vi kjøpte berre ein, og dessuten er den brun og ikkje svart. Er jo nesten prinsipiell motstander av svart... Ja, er ikkje recliner ein satt-greie? Å nei. Men mann foreslo her om dagen at vi skulle byrje å spele lotto.......

Nyårets gjenger heiter Mari. Ho går og går og går. På tur. Og dreg med seg ei til tider lat prestefrue. Så då vert det slutt på sofaliv. Og kanskje eg til og med bloggar om noko anna enn meg sjølve?

Når eg vert frisk. For i kveld skal eg vere litt mann, og strekke mine syke føter til fin mann, og hinte om fotmassasje.

Eg er jo sjuk må vite.