fredag 14. mai 2010

KAAAIRO

Det er utruleg kvar man kan få backflash! I Molde kan ein få backflash til Kairo by. Eg kom inn i ei lita stille norsk bygate. Så fekk eg plutseleg backflash til Kairos bråkete, kaotiske og fulle gater.

Merkeleg. For konstrasten er stor.

Men kanskje var det ei lukt eller ein lyd som satte meg nokre år bak i tid, til dei to månadene eg traska Kairo rundt. Den tida eg vart kjend i alle bakgatene, forelska meg i shisha(vatnpipe) og god te på gatekafear. Då eg vart knallgod på pruting og diskuterte taxipris på arabisk. Då vi møtte og intervjua mange herlege menneske på flukt og ikkje kunne forstå at turistar frå Vesten verkeleg kledde seg i singlet og shorts.

Trur det er på tide med ein tur tilbake. Får nyte shisha i prestegårdshage enn så lenge....

mandag 10. mai 2010

Tradisjonar


Våren er tradisjonstid. Konfirmasjon. Konfirmasjon. Konfirmasjon. Konfirmasjon.

Ja, og når ein er prestefrue, så merkes det at det er konfirmasjon. Vemodig prest i hus. Trekors som skal fikses litt på. Og nokon lagar matpakke til presten som skal ha to gudstenestar på ein dag.....

Prestefrue for ein dag.

Og dagen etterpå. For då er det jo etterpålag, og alle kakene må etast opp. Då er heile bygda i aksjon og fartar frå hus til hus på kakespising. For det er tradisjon med mange kaker. Store kaker. Gode kaker.

For nokon hadde konfirmasjon i fjor, og fekk kake frå den og den og den og den, og då skal ein bake tilbake til den og den og den og den. Ja, og når naboar også kjem med ei kake, og svigermor med tre, så vert det nok enorme kakebord.

Viktig tradisjon. Både kakemengde, kakespising og kakebytting.

Så no må eg bake kake. Ikkje til konfirmasjon. Men til eit sangerstevne, og kaka skal vere rund. Formkake er kanskje ikkje ordentleg kake. Den einaste runde kaka eg kan bake er iskake. Ikkje veldig praktisk utan frysar akkurat.

Men Silje har visst bakt før. Fruktkaker, marengskaker og ostekaker foreslår ho. Ja og noko så fancy som heiter Pavlova kake.

Kaketradisjonar trur eg at eg kan like...