onsdag 23. desember 2009

Jul i Prestegård



Puhh... endeleg: Julefred i prestegård.

Eg elskar å bu i eit stort hus, bortsett fra når det skal vaskast og ryddast. Det er jo slik at når ein har stor plass, så kan ein rote på større flatar, og difor tek det sin tid før ein oppdager at det trengs å ryddast. Men med musikk på øyret og mat i magen, så vart prestegården rein og pen. I alle fall rein nok. Eg er for øvrig ikkje så alt for god på å vaske vindaugane, men eg fann ut at det ikkje er noko vits å bruke så mykje tid på dei. Det er jo for det meste mørkt alikevel. Dessuten så er det ikkje noko vits å bruke mykje tid på å vaske noko, når ein truleg ikkje ser så stor forskjell alikevel.

Men no er det jul i prestegård. Den er pynta så fin. Med englar, juleljos, raude ljos, raude dukar og dyp dyp raude rosar. Ja, og så noko dill-dall då. Som glitrar. Eg er jo tross alt litt dallete av meg.

Prosjekt JULETRE vart det ikkje noko av. Læstadianer- Kirsti forstår fortsatt ikkje poenget med juletre, og prest har no heller ikkje dratt inn noko juletre. Så dei raude glitter-julestjernene eg kjøpte på sal på nyåret pakkes berre vekk- i tilfelle det kjem juletre neste år. For sjøl om eg ikkje forstår meg så mykje på juletre, så forstår eg meg på pynting og sånn.

Vi har julekaker til påske- minst! Ti- 10- sortar fann eg ut, så vi er over det magiske sju- talet. No skal ikkje eg skryte på meg alt dette då... Dei fleste av dei har ikkje kome ut av ovnen vår, men inn gjennom døra. Baka av nokon fantastiske vener og Buafolk.

Åhhh vi er så heldige!

Så jul i prestegård er jo ingen sak å fikse. Men det hadde vore betre om vi hadde starta litt tidlegare. Men neste år.... ja, så klart skal ALT skje neste år! ;)

Så no er det tid for høgtid, og stille og rolege dagar. For prestefruen. Presten har jo høgsesong no, så han har eit og anna å gjere.

Så: Gooood jul :)

torsdag 3. desember 2009

Jubileumsgåve til Samisk hus i Oslo

Ah... budsjettbehandling på Sametinget er dagens program. Tall hit og tall dit. Nokon der ute som høyrer på?

I allefall:

NSR vil auke støtten til Samisk Hus i Oslo med 100 000. Det er ein svært passende gåve til ein 5-årsjubilant.

Samisk Hus i Oslo har no i helga 5-årsjubileum, og har lagt opp til ei storstilt feiring. Det er ein viktig møteplass for samar i Oslo, ja og for samar i området kring Oslo og. Samisk hus har i løpet av dei fem siste åra fått ein viktig rolle som samisk kultur- og språkbærer.

Det samiske miljøet i hovudstaden er stort og mangfoldig. Vi i NSR meiner eit stabilt kulturhus som er sikra drift- og utvilkingsmuligheter nettopp er viktig for det samiske miljøet i Oslo. Samisk hus er dessuten også et "vindu" som viser kva som rører seg i det samiske miljøet idag.

Det er slik at fleire og fleire samar busetter seg i dei store byane. Derfor må Sametinget ha ein aktiv bypolitikk. Så kanskje ta ein titt på NSR sin bypolitiske plan?

Vil fleirtalet vere med på jubileumsgåva til Samisk hus i Oslo?

tirsdag 1. desember 2009

Smileys from Parliament :)

Ein av AP sine representantar meiner at vi i NSR er så sure og grinete. Eg syns nok ikkje eg gjer anna enn å gå rundt og smile. Men men.. det er jo sikkert ikkje såååå enkelt å være i posisjon og at nokon andre kritiserer og pirker på det dei gjer.

Men dei må tåle kritikk.

Dei må tåle at nokon stiller spørsmål.

Og dei må tåle at vi opposisjonspolitikere gjer jobben vår. Det er jobben min. Det er det veljarane har valt meg for at eg skal gjere, og eg for meir enn god nok møtegodtjering.

Vel.. er vi så sure?
På tampen av plenums første dag presenteres herved nokon NSR-smileys from parliament.


Trond Are har eit lurt smil:

Eg syns eg alltid smilar:

Sjarmis- smil frå Miriam:

Rolf og Silje Katrine er nøgde på si første ordentlege plenumssamling:
Smil frå Østre Valkrins:

Påklistra Guvsám- smil:

Åge smilar nok enda breiare om valkrinsen hans får eit nytt og betre namn: