tirsdag 27. april 2010

L I F E

Sommer? I allefall vår. Vår ute vår inne. Sola skin og eg har bestemt meg for å ikkje begynne med noko større planteprosjekt i år. No skal det kjøpast staudar, sånne som ikkje treng noko som helst av såkalte grønne hender for å overleve. Sånne staudar som klarar seg sjølve, om det no er sydenvær eller orkan. Det er lov å prøve og feile, og finne ut kva ein slettes ikkje skal gjere meir. Men eg er fortsatt litt vonbroten for at det ikkje kom nokon fin blomst på solsikken eg planta i fjor. Høge vart dei. To blomsterlause meter. Favorittblomsten til og med.

Sånne urter og fine blomster kan ein visst plante i krukkar, nokon meiner til og med i trillebår. Kanskje det ja... Plante i trillebåra til svigerfar. Da får han i allefall nokre rolege dagar her i Buaværet.

Sjøl sit eg og tenkjer på korleis eg skal organisere min eigen samiskundervisning. Det ser ut til at eg har skaffa meg ein privatlærer. Ja, og då kan vel ikkje prosjektet strande i min eigen latskap?

Nokon har visst vore askefast. Sjøl har eg vore fasinert. Eyjafjallajökull er eit vakkert namn. Og ein mektig vulkan som har snudd Europa på hodet, kan kanskje til og med heile verda. For vi er visst likevel berre små menneske når flyene må stå på bakken. Folk ikkje kjem seg heim, og heller ikkje på viktige møte og konferansar. Jaja, eg fasineres mest av den raude lavaen som sprutar opp frå jordas indre. Men eg hadde kanskje ikkje vore like fasinert om eg var stranda langt vekk og måtte køyre fleire dagar i buss for å komme heim. Utan do til og med.

Så mens eg ventar på å reise til Karasjok, og at det skal verte varmt nok til å drikke te i hagen, får eg lese i mine nye bøker på samisk. Dei er så fine. Dessuten har eg fått CD til, og ein lærar på Skype, så no er det håp...