onsdag 23. desember 2009

Jul i Prestegård



Puhh... endeleg: Julefred i prestegård.

Eg elskar å bu i eit stort hus, bortsett fra når det skal vaskast og ryddast. Det er jo slik at når ein har stor plass, så kan ein rote på større flatar, og difor tek det sin tid før ein oppdager at det trengs å ryddast. Men med musikk på øyret og mat i magen, så vart prestegården rein og pen. I alle fall rein nok. Eg er for øvrig ikkje så alt for god på å vaske vindaugane, men eg fann ut at det ikkje er noko vits å bruke så mykje tid på dei. Det er jo for det meste mørkt alikevel. Dessuten så er det ikkje noko vits å bruke mykje tid på å vaske noko, når ein truleg ikkje ser så stor forskjell alikevel.

Men no er det jul i prestegård. Den er pynta så fin. Med englar, juleljos, raude ljos, raude dukar og dyp dyp raude rosar. Ja, og så noko dill-dall då. Som glitrar. Eg er jo tross alt litt dallete av meg.

Prosjekt JULETRE vart det ikkje noko av. Læstadianer- Kirsti forstår fortsatt ikkje poenget med juletre, og prest har no heller ikkje dratt inn noko juletre. Så dei raude glitter-julestjernene eg kjøpte på sal på nyåret pakkes berre vekk- i tilfelle det kjem juletre neste år. For sjøl om eg ikkje forstår meg så mykje på juletre, så forstår eg meg på pynting og sånn.

Vi har julekaker til påske- minst! Ti- 10- sortar fann eg ut, så vi er over det magiske sju- talet. No skal ikkje eg skryte på meg alt dette då... Dei fleste av dei har ikkje kome ut av ovnen vår, men inn gjennom døra. Baka av nokon fantastiske vener og Buafolk.

Åhhh vi er så heldige!

Så jul i prestegård er jo ingen sak å fikse. Men det hadde vore betre om vi hadde starta litt tidlegare. Men neste år.... ja, så klart skal ALT skje neste år! ;)

Så no er det tid for høgtid, og stille og rolege dagar. For prestefruen. Presten har jo høgsesong no, så han har eit og anna å gjere.

Så: Gooood jul :)

Ingen kommentarer: