tirsdag 23. februar 2010

Levende skular - levende bygder

Skulen i Musken er no historie. (Bilete henta frå nrk.no)


Om nokon synst det manglar engasjement på grasrota, så er det berre å foreslå at ein eller annen skule skal leggjast ned. Då kan ein garantere at folk flest sprett opp ifrå godstolen og er kampklare.


Nåde dei politikane som fjerner skulen! I allefall om dei gjer det rett før eit val.


Skolestruktur engasjerer. Også på Sametinget. Nå- idag skal vi debattere om grendeskular i samiske områder, og eg regne med en debatt med engasjerte samepolitikarar. Heime – i Bud er folk også kampklare. Der har nokon foreslått å fjerne ungdomsskulen fra bygda.


Eg har tenkt litt på kvifor skule i lokalmiljøet er så viktig for folk. Andre og alternative skular er jo som regel ikkje sååå langt unna, så reisevei vil i mange tilfeller ikkje bli alt for lang. Så kva er då så farleg med å legge ned små grendeskuler?


Ein skule oppfattes ofte som å vere sjølve livsnerven i bygdene. Å leggje ned skoler, kan vere det samme som å leggje ned bygder. Ja, og sterke, livskraftige og vitale bygder vil vi jo ha. Skolepolitikk er sånn sett på mange måter det samme som distriktspolitikk. Båndene mellom skular og lokalsamfunn er sterkt. Kanskje sterkare i bygder enn i byer?


I skulenedleggjingsdebattar vert ein ofte møtt med ulike påstandar som ”Jo, men elevane treng å kome til større skuler fordi dei må få meir sosial trening”. ”Jo, men det er jo så mykje betre læringsmijø på større skular”. ”Lærarane vil få større fagmiljø- noko som vil påvirke læringsmiljøet”. Slike påstandar opplever eg at ofte er henta ut ifra lause lufta. Det rører også ved nokre tema som i såfall må debatterast grundigare.


Ja, for kva er eit godt læringsmiljø? Vil lærarane eigentleg få betre fagmiljø? Eller er det mogleg å nå dette på anna vis? Kva for rolle har kontakten mellom lærar og elev? Vert det betre med flere eller færre elevar per lærar? Kva for samfunnsmessige konsekvenser får det om skulen vert borte? Kva vil det seie for enkeltelevar?

Eg trur på nærmiljøskulen. Eg trur på nærleik mellom elevar og lærarar.


Nedlegging av skular i samiske områder meiner eg er spesielt sårbart. Slike skular har ofte opparbeidd seg ein kompetanse på samisk språk og kulturopplæring, som vil forsvinne om skulen leggjast ned. Eg trur ikkje det er så enkelt at dette berre førast videre til neste skule. Den kompetansen som jo er i skulen er jo ofte også tett knytta til lokalmiljøet rundt skulen. Derfor kan ofte nedleggjing av skuler i samiske grender få større konsekvensar for samiske språk og kulturar enn ein liker å tru.

Ingen kommentarer: