søndag 28. februar 2010

Sparetiltak

Er hausting av naturressursar eit bra klimatiltak? Det er jo mykje godt ein kan lage av rips.

Gunn- Britt orienterer oss om hennar sparetiltak nett å spare miljø. Så eg tenkte eg kanskje kunne matche? Gukse til representantene er jo helt genialt. For øvrig praktisk og fint og. Dessuten kunne vi jo laga den sjølve, med eit aldri så lite kurs. Så viderefører vi tradisjonell kunnskap i samme slengen.

Kjøtt-prosjektet er eg kanskje heller skeptisk til. Er kjøtt verkeleg ein så stor klimatrussel? Kva for konsekvensar får det om ein slutas å ete kjøtt? Kanskje ein heller bør spise mat som produseres i nærmiljøet? Vel, problemet er at ein del av den maten og er vorte frakta kloden rundt. Javel.. då får vi sjå å få ut sjarken og hente fisk. Men hjelper det?

I prestegård har vi vore nøye med sortering av søppel. Plast hit, papir dit osv. Og sjølvsagt trudd at vi har vore så miljøvenlege. Dessuten er visst Romsdal på topp når det gjeld kjeldesortering. Men mogleg har vi tatt feil, for idag sa dei på dagsnytt at det visstnok ikkje hjelper.

Hmmm... men kva då?

Gunn- Britt sin gjenbruk likar eg. Enkel å fylgje. Særleg når ei bur i eit stort hus, og slekta skal flytte rundt og har ein heil del å kvitte seg med. Eit skap her, og ein skjenk der er fine greier. Dessuten er finn.no og loppemarked kjekt å ha. Så då tel vel kanskje det litt? Og det fine skjørtet mitt, sjølsydd av kule gardinar som ikkje passa på nokre av vindauga tel vel pittelitt? At vi har tenkt på EL- bil tel nok ikkje? Det nyttar jo ikkje å tenke, her kreves handling.

Sjølberging må jo ha noko å seie. Prestegården er full av frukt og bær. Dessuten så har vi jo sjarken + nokre italienerar som likar å fiske til heile bygda. Litt sjølberga er vi altså, så nokre poeng scorer vi vel?

Måtehold er viktig. Om ikkje anna så moralsk. Eg trur ikkje eg redder verden med gjenbruksfilosofi og kjeldesortering. Men det gir no god samvit om ikkje anna....

Dessuten så bør Sametinget ha ein klimaplan, for ikkje å snakke om å verte eit miljøfyrtårn!

Eg synst det er viktig at barna våre får gode haldningar. Dessuten er det jo kjekt å erte lillebror når ein plukkar bær.