mandag 30. november 2009

Give it a chance baby!

Eg forsøker HENNE. Trur ikkje eg har gjort det før. Kanskje det er noko eg kan like?

Eg har lenge forsøk å finne meg eit magasin, sånn typisk kvinnemagasin som eg kan lese, og til og med like å lese. Men eg har ikkje lyktes- hittil. For nokre år sidan var eg på øyane uttafor oslo med nokre venninnar, og las WOMAN. Då vart eg faktisk litt begeistra, og tenkte at jajamen, no skulle eg kan byrje å lese WOMAN. Men etterpå har eg ikkje vore særleg imponert.

No innser eg at det kanskje er fordi eg berre har lese på framsida…...

Men til mitt forsvar.. Framsida på eit magasin skal jo tiltrekke lesarane, og eg treng strengt tatt ikkje 10 hotte tips for å bevare kjærleiken i vinterkulda. Og eg treng heller ikkje å lære korleis eg skal få orgasme. Ikkje treng eg 40 sider om dei nyaste hotte sminketipsa heller.

Så eg har vore nokre gongar på magasin-ein-kan-lese-jakt. Eg vert nemleg litt usikker på kvinneblada. Er nokre av dei mest for fjortissar? Ja, og Allers og Hjemmet er sånn som mamma kjøper, så det er eg heller skeptisk til. Se&Hør og Her&NÅ er eg prinsipiell motstander av. Sjølv om det er kjekt å lese når eg er på besøk.

Så eg har som regel endt opp med NyTid eller ei pocketbok.

Men no har eg altså lese om Mrs. Prada og hennar rutsjebane. Eg har jo faktisk Prada-briller fann eg nyleg ut, så det er jo greitt å vite litt om kven designeren bak det viktiste hjelpemidlet mitt er. Dessuten så har eg funne ut at Stig Inge Bjørnebye ein likanes kar. Med kule klede.


Så sjøl om eg ikkje er så alt for oppteke av å ha julekjole med gull og paljetter, så synst eg at ein godt kan betale 69 kroner for å lese HENNE. Dessuten så fekk eg julegavetips til den minst like kule og likanes kjæresten min.

onsdag 18. november 2009

Får vi eit samisk filmfond?


NSR vil ha eit samisk filmfond. No har vi foreslått det på Sametinget, og i morgen tidleg skal posisjonen svare om dei vil ha eit filmfond dei neste fire år. Vil dei eller vil dei ikkje?

Men vi i NSR vil ha meir samisk film, og vi vil ha eit samisk filmfond. Film når ut til eit bredt publikum. Film dokumenterer, og film formidlar.

Vil ein satse på samisk språk, samisk kultur og samisk tradisjonskunnskap på ein gong, så sats på samisk film!

mandag 9. november 2009

Miljøsamer

Sametinget får no kritikk for at vi er så engasjerte i internasjonale klimaspørsmål, at vi gløymer forpliktelser vi har lokalt. Kjell Østmø forventer at Sametinget som eit politisk organ, opptrer som eit godt døme og viser korleis øvrig befolkning skal te oss i kvardagan.

Det er bra at Sametinget er engasjert i miljøsaka internasjonalt, men eg er einig i at vi burde gjort meir her heime.

Men kva kan vi gjere? Jovisst, det er ein del vi som politikere kan gjere, så eg er totalt ueinig med rådsmedlem Larsen som seier at det ikkje er vår oppgåve.

Vi kan jo starte med at Sametinget vert eit miljøfyrtårn. Dessuten så kan Sametinget aktivt støtte samiske organisasjonar som jobber med miljø.

Ja, når vi politikere møtes i Karasjok, har vi ofte seminarar om det ene og det andre. Kvifor ikkje ha eit seminar, ja kanskje til og med folkemøte kor vi diskuterer korleis kvar enkelt same kan teke vare på miljøet- sånn i kvardagen. Det finst mykje ein kan gjere, og heilt sikkert ein heil del som eg ikkje kjem på no i farta. Men om vi politikere går foran som førebilete, så vil kanskje andre følgje etter?

Det er i allefall fort gjort å gå inn på Grønn Hverdag sine sider, og sjå etter tips. Eller berre rett og slett leve som áhkkoen min.

lørdag 31. oktober 2009

- av kva slags materiale, sa du?

Eg er ikkje lærarmateriale. Det sa no den forrige sjefen min. Kanskje er eg ikkje det, svara eg. Men eg gir lærarrollen eit år. Du er asylmateriale, svara ho. Du har jo både hjarte og hjerne.

Men hjarte og hjerne treng ein jo i dei fleste yrka.

Veien blir til mens ein gjeng, sa ein av mina gamle leiarar. Eg er heilt enig. Her eg sit. Midt i natta, og gjer alt anna enn å slite med masteroppgåva. Mens eg tilfredsstiller gospel-kirsti og bloggar på nynorsk. Det er jo slik at når ein skal rette ein haug med nynorskstilar kvar veke, så er det like greit å skrive nynorsk. Ja for om ikkje så lenge kan eg kanskje rette alle stilane utan å måtte sjå i ordboka. Eg innser jo at eg kanskje skriv den gamle nynorskvarianten. Det er jo tross alt nokre år sidan videregåande og eventyret om Ivar Aasen. Idag er det jo så mykje som er lov å skrive. Det er det mest vanskelege synst eg, å hugse alt elevane kan skrive. Men på sikt får vi kanskje eit felles norsk skriftspråk? Mens vi ventar må nokon av mine venninner slite seg gjennom nynorskbloggen min.

Å bli lærar var altså ikkje ein del av plana. Å jobbe på asylmottak var. Å jobbe med menneske var og er en del av plana. Å bli lege var ein gong ei plan- men eg tok til vett - heldigvis. Den samme gjeld den kortvarige sjukepleierromansen min.

Musikken var ein del av plana. Duodjen og. Ja, også religionen.

Men å bli prestefrue var slettes ikkje ein del av plana. Heller ikkje politiker-kirsti og teologi-kirsti for ein del år tilbake.

Men sånn kan det altså gå.

Det er fint. Eg trivst jo med det.

fredag 23. oktober 2009

Bitching



Mobbesak i Karasjok- igjen.
Og igjen.

Foreldre som rasar. Ein skule som visstnok ikkje har gjer nok for å stoppe mobbing. Men no kjem det i allefall ein mobbeplan. Barneombud Hjermann sier at dei vaksne tillater mobbinga. Kva som er sikkert og sant veit ein ikkje. Men det ein veit er at dette heilt sikkert ikkje er eit eineståande tilfelle, og at det er barn i Karasjok som ikkje har det bra på skulen.

Det er viktig at vi vaksne er bevisste på mobbing. Kva det er, korleis barn mobbar, og kva for konsekvensar det får. Det er viktig at vi vaksne formidlar dette til barna.

På vår skule skal vi snart ha mobbing som tema, og eg har derfor funne meg eg ei bok om Bitching-om jenter og mobbing. Forskning seier at mobbing mellom jenter ofte er vanskeleg å oppdage. Den foregår ofte i det skjulte.....

*utstøting * intriger * ryktemakeri *manipulering * blikk* baksnakking*

Kjent?

Universitetslektor Tove Flack, ved Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger trur det viktigste for jenter er å ha ein nær venn, og at relasjonar er eit nøkkelord.

- Den djupe kunnskapen jenter har om relasjonar, og det å ha ein nær venn, karakteriserer mykje av jentenes aggresjon. Relasjonar blir for jenter eit våpen, samtidig som det er relasjonane dei kjemper om, seier ho.

Huff, kor grusomme vi kan vere mot kvarandre.

søndag 18. oktober 2009

Synkronisering

Lange haustkveldar med stearinlys og fyr i peisen, tv-aksjon og gjøre-alt-anna-enn-masteroppgåve.

No e det synkronisering som gjeld. Av kalendre. Det er to medlemmer i husstanden med for tiden ganske så høy reiseaktivitet. Det bør vere enkelt å krysse av når vi ikkje er heime. Man klarar eg å synkronisere blogg med @kirsti på twitter? @kirsti kjem automatisk opp på blogg, men omvendt?

torsdag 15. oktober 2009

Destination: Sámedigge


Tilbake i Karasjok. Fire nye år.

Det kjennes godt.

No i opposisjon. Det kan bli morsomt.

Det sjette Sameting satt i arbeid. Kongen og dronninga har vore her, vi har hatt kongelunch og mottakelse med kanapeer og sånt.

Nytt Sameting. Nye representantar. Men ikkje ny president, og slettes ikkje ny konge.

Mykje er som før, men mykje er også endra. Til døme så er det eit heilt nytt låssystem. No finst det ikkje ein einaste nøkkel på Sametinget. No kjem vi oss inn og ut med nøkkelkort. Om vi ikkje gløymer kortene igjen her og der.

Det siste er eg litt bekymra for. Men det er ikkje ei lue eg skal hugse å få med meg, men eit nøkkelkort. Det bør gå betre. Luer er så lett å gløyme, men å gløyme to gongar på ein dag er i alle fall ein gong for mykje. Men då er det fint å bu i ei lita bygd kor bussjåførar putte gløymde luer i postkassa.

Daniel Andreas er ny. Han er berre tre månader, så vi snik oss til litt baby-kos mellom møtane. Mamman Silje er også ny- på Sametinget. Karasjok er som før. Badsstua er som før. Maten er som før. Eg håpar treningsrutinane også vert som før.

Så får vi sjå korleis desse fire åra vert. Vi har feira med kongen og andre fasjonable folk. Eg synst Hannasofie Utsi frå det svenske Sametinget var best. Ung og fresh varma ho eit NSR-hjarte.

Og jada... Vi VEIT at kongen heiter Harald og ikkje Olav.